Reinskort
Jaktkort for villrein vil være klar for henting på kontoret tirsdag den 18. juli.
Jakt – elg, hjort og rådyr
Søknadsfrist: tysdag 14. mars kl. 12 Trekning: onsdag 22. mars (kveld) Søknadsskjema finn du under fane «Søknadsskjema og regelverk» her på startsida.
Stilling som ålmenningsstyrar
Hauk Amundsen Øren, Lora er tilsett i ledig stilling som styrar i Joramo bygdealmenning. Han startar opp 7. mars. Stillinga blir samstundes utvida frå 40% til 60%. Det inngått samarbeidsavtale mellom Dovreskogen bygdealmenning og Joramo bygdealmenning om felles styrar, og den nye styraren får 20% stilling i Dovreskogen bygdealmenning, til saman 80% stilling. I tillegg […]
Søknad om utvising av seter
Eigar av Søre Brekka gnr./bnr. 4/2 i Dovre, Per Ivar Brækken søkjer om å få utvist seter til Søre Brekka på Nysetre vest for seter til Soleglad. Sakspapir saman med uttale frå ålmenningsstyret er utlagt til ettersyn på ålmenningskontoret for bruksrettshavarar i Joramo bygdealmenning. Frist for merknader: 10.11.2022
Ledig stilling som ålmenningsstyrar – forlenga søknadsfrist
Søknadsfrist på stilling som ålmenningsstyrar er forlenga til 12.11.2022. Sjå tidlegare innlegg på denne heimesida!
Småviltjakt -endring jakttid
Rupejakta blir avslutta 16.10. pga svak bestand. Trening med hund er tillatt t.o.m. 20.12.
Ledig stilling som ålmenningsstyrar
Stillinga som ålmenningsstyrar i Joramo bygdealmenning er ledig frå 01.03.2023.
Nytt styre
Etter ålmenningsval og styremøte 18. mai, ser det nye styret slik ut: Tore Amundgård (leiar), Øivind Groven (nestleiar), Pål-Lasse Torstad, Morten Hovhaugholen, Arne Rolstad og Frank Brækken.
Ålmenningsvalet 2022
På årsmøtet 20. april vart Frank Brækken og Arne Rolstad valt inn som nye styremedlemer etter Tor Ivar Hovhaugholen og Birger Brækken som båe hadde fråsagt seg attval. Tor Ivar har 16 år bak seg i styret – 14 år som styreleiar. Birger har sutte 20 år i styret. Pål-Lasse Torstad tok attval for fire […]
Årsmøte og ålmenningsval
Onsdag 20. april kl. 19.00 på Joratunet. Årsmelding, rekneskap og forslag frå valkomitèen er utlagt til gjennomsyn på Joramo Næringstun og her på vår heimeside frå 29.03. Saker som ein ynskjer behandla på årsmøtet må vera innkomne til styret seinast ei veke før årsmøtet. Eventuelle motforslag til valkomitèn sitt forslag må vera levert valkomitèen innan […]