JORAMO NÆRINGSTUN

Verksemder ved Joramo Næringstun:
1. Joramo bygdealmenning:
Ålmenningsstyrar, Narve
Tveiten.
2. Norsk Landbruksrådgivning
Innlandet:
Rådgjevar, Ragnhild Sjurgard
4. Sjukehuset Innlandet –
Ambulansestasjon

Historie:

Joramo bygdealmenning bygde opp eit kontorsenter som ligg ca 2 km vest for Dombås sentrum. Utbyggjinga skjedde etappevis frå starten i 1957 da ålmenninga bygde husvære og kontor for styraren i Joramo bygdealmenning. I dag fungerar andreetasjen som hybelhusvære, der leigetakaren har vaktmeisterfunksjonar for huset.

I 1981 vart det bygd tilbygg med kontor for skogbruksjefen i Lesja og Dovre og kontor for skogbruksleiar i Mjøsen skogeierforening. I 1993 vart det reist eit større tilbygg med sju nye kontor. Dovre fjellstyre og Statskog Øst-Norge avd. Dombås etablerte seg her straks nybygget stod ferdig.

Utsikter til etablering av kontor innan naturoppsyn og nasjonalparkforvaltning på Dombås gjorde sitt til denne satsinga som var eit stort økonomisk løft for ei lita bygdeålmenning. Bak satsinga låg ynskje om å få til eit sterkt fagmiljø innan utmarksforvaltning i Lesja og Dovre.

I 1999 avslutta Lesja samarbeidet med Dovre om felles skogbrukssjef. Dovre fekk i stand avtale med Statskog slik at den tilsette her skulle arbeide deltid som skogbrukssjef i kommunen.

Vinteren 2000/2001 vart det etter ynskje frå kommunane og Dovre fjellstyre bygt uthus med garasjar og kjølelager for skogplanter.

Da Statens naturoppsyn (SNO) etablerte seg med to nye stillingar i Dovre i 2006, var det venta at dei ville flytte inn på Joramo Utmarkssenter. Men Dovre kommune ville det annleis. Nytt kontorsenter for utmarksforvaltning kom på plass i det gamle postbygget i Dombås sentrum. Etter mykje om og men flytte Dovre fjellstyre og Statskog inn der saman med SNO.

I 2010 tilsette Mjøsen ny skogbruksleiar for Lesja og Dovre, og avslutta samstundes leigeforholdet med ålmenninga. Det utmarksfaglege miljøet på Joramo var med dette historie.

I mellomtida hadde Q-meieriene og Lesja og Dovre forsøksring (no Norsk Landbruksrådgivning Innlandet) kome inn som nye leigetakarar i kontorbygget. Og etter ombyggjing av kontorsenteret og byggjing av ny garasje vinteren 2010/-11 ambulansetenesta for Lesja og Dovre stasjonert på Joramo. Det er inngått leigeavtale med Sykehuset Innlandet for 15 år. I 2016/2017 vart det bygd på eigen inngang og nye garderober til ambulansetenesta – revidet leigeavtale vart inngått med løpetid på 10 år. Dovre fjellstyre (garasje/lager) og kommunane (kjølelager/lager) er framleis leigetakarar i uthuset. Q-meieriene sa opp leigeavtale på kontorlokale i 2020.