JORAMO BYGDEALMENNING

G.nr. 93 b.nr. 1 i Dovre og g.nr. 160 b.nr. 1 i Lesja.

Totalareal på 83,4 km2, av dette 59,6 km2 innanfor verneområde.

Det er 159 gardsbruk som har bruksrett i Joramo bygdealmenning. Dei høyrer til bygdelaget som strekkjer seg frå Hjelle i Dovre til Sør-Hole i Lesja.

Bruksrettar:

– Rett til trevyrkje
(35% bruksrettsyting på innkjøpt material til jordbruksmessig behov)

– Rett til beite, eventuelt seter

– Rett til jakt og fangst, unnateke jakt på hjortevilt og bever

Ålmenningsstyret har seks medlemer som blir valt på årsmøte annakvart år ( halve styret er på val – funksjonsperiode er fire år). Leiar og nestleiar blir valt av styret.

Ålmenningsstyraren er tilsett av styret og har ansvaret for drifta av skogen, den daglege drifta og er sekretær for styret.

Produktivt skogareal: 10 714 da

Balansekvantum/årleg hogstkvantum: 1 320 kbm

Setergrender: Grønsetre, Gardsenden, Nysetre og Nordsetre – i alt 35 setre

Tal beitedyr i 2019: 150 storfe og 1 841 søyer og lam

Borleigd areal til militære formål, industri/sørvis og bolig: ca 600 da

Borleigd areal til tilleggsjord: 45 da

Tal hyttefeste: 30

Årleg omsetning i tusen kroner (ca):

Tømmer og ved:   460′
Grus og fjell:         380′
Festeavgift:           340′
Jakt:                       180′
Utleige hus:          610′
Anna                        50′