Hauk Amundsen Øren, Lora er tilsett i ledig stilling som styrar i Joramo bygdealmenning. Han startar opp 7. mars. Stillinga blir samstundes utvida frå 40% til 60%. Det inngått samarbeidsavtale mellom Dovreskogen bygdealmenning og Joramo bygdealmenning om felles styrar, og den nye styraren får 20% stilling i Dovreskogen bygdealmenning, til saman 80% stilling. I tillegg er styraren tilsett i 5% stilling som sekretær i Lesja Beitesamlag gjennom samarbeidsavtale.
Hauk er 24 år gamal. Han har bachelorgrad i Naturforvaltning med skogfag i tillegg til ordinært studieløp. Han har årsstudium i natur- og kulturminneoppsyn, og er autorisert jegerprøveinstruktør. For tida arbeider han som skogbruksrådgjevar i Sogndal.
Narve Tveiten (71) gjev seg som styrar i Joramo bygdealmenning etter å ha vore tilsett sidan 1983 med eit par stuttare avbrot.