Nytt styre
Etter ålmenningsval og styremøte 18. mai, ser det nye styret slik ut: Tore Amundgård (leiar), Øivind Groven (nestleiar), Pål-Lasse Torstad, Morten Hovhaugholen, Arne Rolstad og Frank Brækken.
Ålmenningsvalet 2022
På årsmøtet 20. april vart Frank Brækken og Arne Rolstad valt inn som nye styremedlemer etter Tor Ivar Hovhaugholen og Birger Brækken som båe hadde fråsagt seg attval. Tor Ivar har 16 år bak seg i styret – 14 år som styreleiar. Birger har sutte 20 år i styret. Pål-Lasse Torstad tok attval for fire […]
Årsmelding 2021
Årsmøte og ålmenningsval
Onsdag 20. april kl. 19.00 på Joratunet. Årsmelding, rekneskap og forslag frå valkomitèen er utlagt til gjennomsyn på Joramo Næringstun og her på vår heimeside frå 29.03. Saker som ein ynskjer behandla på årsmøtet må vera innkomne til styret seinast ei veke før årsmøtet. Eventuelle motforslag til valkomitèn sitt forslag må vera levert valkomitèen innan […]
Trekning jakt
Resultat av trekning 23.03.2022: Elg- og hjortejakt i Fjellfeltet: Laget til Ola John Brækken Elg- og hjortejakt i Skogfeltet: Laget til Øivind Holen Reserve elg- og hjortejakt: Laget til Arild Rolstad Rådyrjakt i felt Nord for Raumabana: Laget til Erland Løkken Rådyrjakt i felt Sør for Raumabana: Laget til Bjørn Svendsgard Reserve lagjakt rådyr: Laget […]
Jakt – elg, hjort og rådyr
Søknadsfrist: tysdag 15. mars kl. 12 Trekning: onsdag 23. mars (kveld) Søknadsskjema finn du under fane «Søknadsskjema og regelverk» her på startsida.
Bruksrettsyting og tilskot
Søknadsskjema og retningsliner for bruksrettsytingar og tilskot finn du under fane «Søknadsskjema og regelverk» her på startsida!
Resultat av elg- og hjortejakt
Elg Fjellfeltet: Eldre ukse 255 kg og 180 kg, ungdyr ukse 150 kg og 94 kg Elg Skogfeltet: Eldre ukse 228 kg, eldre kolle 196 kg, ungdyr kolle 100 kg, ungdyr ukse 95 kg og kalv ukse 67 kg Hjort: Ingen dyr felt
Endring styre
Marit Rolstad har overdrege garden og er ikkje lengre valbar som styremedlem. Etter § 4-4 i lov om bygdealmenninger skal ho dermed tre ut av styret. 1. varamedlem Morten Hovhaugholen rykker opp som styremedlem.