Eigar av Mariplass g.nr. 137 b.nr. 2 i Lesja ynskjer å gje frå seg retten til setra på Gardsenden, og søkjer om løyve til sal av seterhusa til interessert kjøpar.
Styret i Joramo bygdealmenning kan innvilge søknaden under føresetnad av at ingen bruksrettshavarar med seterrett i ålmenninga, men utan utvist seter er interesserte i få overført retten til aktuell seter.
Bruksrettshavar som er interessert i å få overført retten til setra, må melde seg skriftleg eller digitalt til ålmenningskontoret innan 15.01.2021. Det må kunne godtgjerast at seter er naudsynt for drifta av eigedomen.
Sakspapir er utlagt til ettersyn på ålmenningskontoret.