header

I 2019 er det 100 år sidan Norsk Almenningsforbund(NALF) vart stifta. 40 bygdeallmenningar er tilslutta forbundet, mellom desse Joramo bygdealmenning.

Forbundet har gjeve ut bok i samband med jubilèet. Hovudforfattar er Stig M. Aaboen frå Skjåk. Stig har vore styrar i Langmorkje Almenning og i Skjåk Almenning, og etter det var han sekretær i NALF nokre år. Han kjenner allmenningssystemet ut og inn.

Boka er tilgjengeleg på kontoret til Joramo bygdealmenning, og er til sals for kr 280,-.